Fringe
Serien Fringe handlar om ein hemmeleg avdeling i FBI som etterforskar hendingar utanom det vanlege.
Den stort sett episodiske serien streifar innom folk med ekstraordinære eller skremmande eigenskapar. Teknologi eller medikament er kjerna i mykje av det serien handlar om.
Det er den tilnærma vitskaplege innfallsvinkelen til Fringe-avdelinga, som er seriøs, dyktig og litt humoristisk på toppen, som gjer sakene i Fringe interessante.
Det har mykje å sei at serien etter kvart utviklar seg til å omfamne parallelle univers, endra tidslinjer og meir. Endringar som gir karakterane nytt liv, og serien nye utfordringar.
Utviklinga fører til variasjon, men kjerna i serien forblir alltid den same. Fringe går difor ned på høgkant, då den eine sesongen etter den andre gjer meir enn å repetere den førre.
