Fritz the Cat

Film · 1972 · · 26. juli 2006
3/5

Innimellom dukkar det opp filmar eg aldri har høyrt om, av merkelege grunnar, som eg absolutt burde ha visst om. Dette er ein slik film. Laga av Ralph Bakshi med fleire, basert på karakterar laga av Robert Crumb, og den første x rated-animasjonsfilmen, så burde eg absolutt ha lagt merke til han.

Det er mykje å gripe tak i denne filmen. Som i opprøret han gjer mot autoritetar. I den konstante ignoreringa av politiet, som i og for seg er framstilt i to griseskikkelsar. Eit dametoalett i ei jødisk kyrkje, eller tydelege eit bygg berre for menn og rabbiar. Og elles i kommentarar her og der. Filmen eg også overfylt med banning, sex og narkotika, noko som tydeleg er grunnen til at den har blitt x rated.

Teikningane er i beste Robert Crumb-stil: Rotete, men detaljerte og gode. I tillegg blir det brukt mange fargerike bakgrunnar som er med på å fange stemninga og humøret til filmen. Så det tekniske er ingenting å klage på.

Men historia er eigentleg litt tynn, og trass i at filmen varer i 75 minuttar, så blir det 75 lange minuttar. Eg skulle gjerne sett at filmen hang meir saman, og ikkje legge så mykje vekt på å stadig sjokkere med nakenheit og vald, det gjekk litt utover filmen som heilskap.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Fritz the Cat 1972 plakat - Filmdagbok