From Russia with Love

Film · 1963 · · 30. september 2008
3/5

Sjølv om denne er god fall han ikkje så godt i smak som Dr. No, til det er han litt for roleg. Det er ikkje så mykje spenning, og det ser også ut til å mangle ein del på innhaldet for å fylle ut filmen på det eg vil kalle verdig måte. Eg skal ikkje gå meir innpå det spesifikke.

Det som gjorde meg litt interessert var at me møter Q for første gang her, eit steg i retning av James Bond eg kjenner og likar. Eg sette meg ikkje godt nok inn i detaljane undervegs til å finne ut kva det var, men dette verkar på meg meir som den typiske James Bond-filmen.

Opningssekvensen er relativt skuffande med orkestermusikk i staden for ein meir klassisk James Bond-song. Musikken er for så vidt fin han, men det var ikkje før ved rulleteksten at det dukka opp ein From Russia With Love-song.

For å sei det på ein god måte, dette er ein bra nok film det, Sean Connery, damer, spenning og reising. Skurkane er spesielt interessante og eg håpar og trur me får sjå meir til mannen som ikkje viser ansikt seinare. Eg føler på ein måte at denne filmen bygg meir opp rundt eit eller anna som kan ha med James Bond-universet å gjere enn å stå seg fram som den aller beste filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
From Russia with Love 1963 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sean ConneryDaniela BianchiPedro ArmendárizVis alle

Sjangrar