Frozen Fever

Film · 2015 · · 21. desember 2017
2/5

Eg blei skuffa av denne kortfilmen. Eg likte filmen Frozen, men dette er ikkje verdig på nokon måte som ein oppfølgjar. Trass i at han har dei same regissørane, så er dette lite morosamt og manglar mesteparten av sjarmen frå spelefilmen.

Kortfilmen lar mange spørsmål bli usvart. Det er både barnsleg, og meir som ein Disney-produksjon for tv enn noko anna.

Songen som blei framført var ikkje minneverdig. Karakterane er blitt teite. Og heile greia med nysinga til Elsa er merkverdig.

Anna fyller 19 år. Elsa vil gjere opp for alle bursdagane ho har mista, og skal lage den beste bursdagen nokon sinne. Dette var ein dårleg ide, som kunne ha blitt gjort bra, men ikkje blei det.

IMDb-logo
Frozen Fever 2015 plakat - Filmdagbok