Frozen II

Film / 2019
4/5

Frozen II er eit framhald av Frozen. Han byggjer på det som gjorde den første filmen god, ei fin dosering av drama og alvor med humor.

Det har gått nokre år sidan me møtte prinsessene Elsa og Anna sist. Sidan den gongen har dei blitt eldre, kanskje vaksne. Filmen kastar ikkje vekk tida i byrjinga, men etablerer fort grunnlaget for historia med skal følgje vidare.

Det handlar om opphavet til magien til Elsa, og om ein forbannelse over ein skog i nord. Det som skjer byggjer på det som skjedde i Frozen på ein god måte, og ingen av karakterane verkar unødvendige. Alle frå snømannen til reinsdyret bidreg til framdrifta så vel som til komedie.

Me får ein film som er krydra med songnummer eit minutt, og rører med dramaet sitt i neste. Tema som familie, død og katastrofe er ein god botn for flott animasjon og eventyr.

Eg hugsar at eg blei både gledeleg overraska og imponert og den komplette opplevinga som Frozen var. Med Frozen II så visste eg ikkje kva eg skulle forvente. Men til oppfølgjar å vere har han skapt sin eigen plass og kjennes absolutt ikkje unødvendig ut, heller tvert i mot.

Frozen II 2019 plakat - Filmdagbok