Frozen

Frozen er flott. Visuelt sett er det lite å utsetje på filmen, men best av alt er historia og oppbygginga av filmen, flotte animerte karakterar og akseptable songnummer.

Frozen handlar om ei ung prinsesse som sidan blir dronning, og som kan fryse ting ho tar på. Og om hennar yngre søster. Etter eit uhell i ung alder har dei blitt halde avskilt på slottet, og den yngre søstera kjenner ikkje til årsaka. Når det nærmar seg at prinsessa skal bli dronning, så skjer det saker og ting.

Det som avgjorde for meg, som fekk meg til å verkeleg like filmen, var som eg nemnde innleiingsvis ei blanding av fleire årsaker. Resultatet av desse var at eg aldri kjeda meg eit minutt. Det var ei fin dosering av dramatikk og alvor med humor. Karakterane var lette å følge, men med ei lita vending her og der. At filmen aldri mistar taket på å dreie handlinga rundt den yngre prinsessa sitt forhold til den eldre, betydde mykje. For i Frozen skjer det mykje anna som lett kunne ha tatt opp plass.

Som ein slags bonus er dette også ei tilnærma klassisk prinsessehistorie frå Disney si side, med magi, eventyrlege omgivnader og alt det der som skal til.

Frozen 2013 plakat - Filmdagbok