Fun in a Bakery Shop

Film · 1902 · · 16. april 2021
2/5

Ein bakar ser ei rotte som klatrar i bakeriet, og kastar ei handfull med deig mot rotta. Deigen set seg fast på ei tønne, og bakaren byrjar så å forme deigen til å bli ulike ansikt.

Det er ikkje så mykje meir å sei om denne korte saken på halvannan minutt. Filmen tek i bruk den mykje brukte effekten på tida, som er klypping med brå, men saumlause overgongar. Noko som får det til å sjå ut som at bakaren formar ansikta utruleg fort.

Bak filmen står Edwin S. Porter, ein amerikansk filmpioner som laga over 250 filmar, og blant anna var innom 3D-filmar så tidleg som i 1915. Ein interessant mann å lese seg opp om i filmhistoria.

Fun in a Bakery Shop 1902 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land