Fun in Acapulco

Film · 1963 · · 25. mars 2014
3/5

Fun in Acapulco er ein fin film med Elvis Presley, og der handlinga går føre seg i Mexico. Elvis Presley spelte ikkje inn ei einaste scene i Mexico, men spelte i det minste mot Ursula Andress, og song den fengjande Bossa Nova Baby, og gjorde Fun in Acapulco akkurat passe moro.

Elvis Presley spelar Mike Windgren, ein kar som mistar jobben sin på ein båt og blir fast i Mexico. Han får ny jobb som songar og badevakt. Og utover dette møter han to–tre damer som han sidan må velja mellom, og han har problem frå fortida han slit med.

Fun in Acapulco er ikkje stort meir enn ein på sitt beste middelmåtig star vehicle-film. På norsk blir dette noko i retning av ein stjernefremjande film, som her har mål å presentere og selje musikken og statusen til Elvis Presley. Dette er eit kjent mål blant fleirtalet av filmane til Elvis Presley, og er i utgangspunktet med på å senke forventningane. Noko som gjer at Fun in Acapulco leverer ein heilt grei musikalsk komedie samla sett, mens han oppdelt går fram og tilbake frå kjedeleg til underhaldande og morosam av både frivillige og ufrivillige årsaker.

Bortsett frå ei handling sett til Mexico og fråværet til Elvis Presley frå Mexico, så er det ingenting som bit seg fast og kvalifiserer denne til ei anbefalingsliste – ei liste uavhengig av årsaka til underhaldningsverdien. Med andre ord så kan eg ikkje anbefale filmen.

Fun in Acapulco 1963 plakat - Filmdagbok