Funny Games

Film · 2007 · · 17. april 2008
4/5

Funny Games er ei amerikansk nyinnspeling av den austerrikske filmen Funny Games, så lik originalen som det kan bli visstnok. Utan at eg har sett originalen for å kunne stadfeste det, er det opplyst at den amerikanske er ei såkalla shot for shot-nyinnspeling.

Regissøren er den same, manus er ikkje tukla med, alt er lagt til rette for at Michael Haneke får fram sine intensjonar med Funny Games i nyinnspelinga av sin eigen film. Ukjent som eg er med originalen er det ikkje opp til meg å dømme i kva grad den eine eller andre er betre, lat amerikanarane få seg ei god nyinnspeling.

For Funny Games er god, på den måten terroren som blir framstilt kryp under huda på deg og styrer dette bort frå å bli ein film som fullt og helt støttar seg på dramatiske eller overraskande hendingar. Michael Haneke tar seg tid til å sette det i rett stemning og få oss til å bli kjente med karakterane, til ei viss grad. Han styrer unna den fulle utleveringa av psyken og intensjonane til menneska, men dykkar djupt nok til å skremme oss. På sitt beste er det nok til å vri seg i stolen og flytte på beina i ubehag, på sitt verste gjer mangel på utvikling meg noko utålmodig.

Gjennom deler av filmen aner du kva det neste trekket er. Sjølv om dette kan vere kjedeleg i fleire tilfelle, blir det her nytta bevisst til å gi oss ekstra tid til karakterane og i blant sette ekstra støkk i oss når me har slått oss til ro. Kopla i lag med nokon langdryge sekvensar i blant gir det meg inntrykk av at filmen kunne tent seg med å vere kortare enn 111 minuttar. Det sagt, resten var skremmande og litt stilig.

Filmen er på ingen måte bortkasta tid.

Funny Games 2007 plakat - Filmdagbok