Futurama: Bender's Big Score

Ja, eg har sett den nye Futurama-filmen. Nei, eg skal ikkje røpe historia eller kritisere. Ja, The Simpsons Movie blir som hermetikk i forhold til ferskvare med den forsegla glasskuppelen sin. Ja, eg skal gi meg med å svare på spørsmål eg aldri har stilt her.

I år 2003 bestemte ei gruppe inkompetente menneske med makt at Futurama hadde sagt sine siste visdomsord på Fox. I år 2007 har Comedy Central endeleg fått serien tilbake, først rett på video og over nyttår dei same historiene oppdelt i episodar for tv. Denne store sigeren kan umogleg bli oversett, så opningsvis blir me fortalt dette på ein måte berre Futurama kan.

Futurama: Bender's Big Score innfrir alle forventningar då han klarer det The Simpsons Movie ikkje klarte i overgangen frå kort episode til lengre film, nemleg å tilpasse seg formatet, med sine 90 minuttar kunne det lett ha blitt for mykje eller at historia blei langdryg, men i ettertid er eg glad over å kunne sei at filmen stod med glans. Alt serien bydde på tidlegare av sprø humor og science fiction-referansar er til stades, saman med ei god historie og sidehistorier som fint klarer å strekke seg over halvannen time. Tempoet er viktig, og det er som å sjå ein vanleg episode, akkurat passe lang og alltid like morosam, like useriøs.

Etter å ha gått over til Comedy Central, spesielt kjent for South Park — ein serie som berre blir grovare og grovare, har Futurama fått ekstra krydder — gått eit steg vidare — blitt hakket kvassare, resten er likevel som før, Futurama er og blir Futurama . Forvent ein del overraskingar, mange kjente ansikt, president Nixon og robotmafia. Meir vil eg ikkje røpe, då mykje av gleda for min del låg i at eg visste ingenting om filmen på førehand, så må jo du få den same sjansen. Men du må jo ha likt serien.

Futurama: Bender's Big Score 2007 plakat - Filmdagbok