Futurama: Bender's Game

Film · 2008 · · 1. november 2008
3/5

I det som blir opplevd meir som samansette episodar enn ein fullstendig film, blir Leela, Fry, Bender og resten av gjengen i leveringsbyrået Planet Express sittande fast i ei fantasiverd.

Innhaldet og oppbygginga i denne filmen hentar stor inspirasjon frå kjente middelalderske historier eller fantasihistorier frå spel og fiksjon. Det gir eit preg av referansehumor på ein negativ måte, og framstår som idelaust.

Fordi dette er Futurama og har sin eigen komiske stil, så hentar filmen seg inn igjen på nokre punkt, og blir ikkje dårleg. Det er dessverre meir eit eksempel på å kome seg unna bak namnet til ei kjent merkevare enn å bidra med noko nytt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Futurama: Bender's Game 2008 plakat - Filmdagbok