Futureworld
Då eg den siste tida har sett meir film igjen, har science fiction vore det eg har sett mest av.
I Futureworld er robotopprøret i Westworld eit avslutta kapittel, og nye 1,5 milliardar amerikanske dollar har blitt investert i ein ny og endå større temapark – i fare for å underdrive val av omgrep.
Problemet til parken Future World er at den dårlege publisiteten frå historikken med robotopprøret fører til eit lågare besøkstal enn ønska, noko ikkje ein gong prisen på 1200 amerikanske dollar kan kompensere for. Journalistane Chuck Browning (Peter Fonda) og Tracy Ballard (Blythe Danner) blir invitert for å skrive positive ord som kan endre trenden.
For å hoppe rett på det kjekke med Futureworld. Ei stadig gjentaking av at ingenting kan gå feil legg store forventningane til kor feil ting kjem til å gå. Det er ikkje grenser for kor mange gonger det blir sagt, til dei grader at det blir rent parodisk, og difor meir underhaldande.
Filmen har ei betre historie enn eg hadde forventa, og er ikkje på langt nær så føreseieleg som ein tur tilbake til ein temapark med robotar legg grunnlag for å vere, Westworld teke til vurdering. Innpakkinga er derimot ikkje fullt så fiffig, men går stort sett i retning ufrivillig morosam. I blant viser filmen seg å imponere med svære kulisser og spreke effektar, mens han i neste sekund snublar i dårleg skodespel og enkle løysingar.
Futureworld hamnar midt i mellom fleire stoler. Han er flott, morosam og har ei grei historie, men har dårleg skodespel, gjer ting enkelt og slik med å køyre løpet fullt ut.

Manus
Skodespel
Peter Fonda • Blythe Danner • Arthur Hill • Yul Brynner • John P. Ryan • Stuart Margolin • Allen Ludden • Robert Cornthwaite • Angela Greene (I) • Darrell Larson • Nancy Bell (I) • Burt Conroy • Dorothy Konrad • John Fujioka • Dana Lee (I) • Alex Rodine • Judson Pratt • Andrew Masset • James M. Connor • Walter Olkewicz • Mike Scott • Ed Geldart • David Perkins • Charles Krohn • Hirsh Scholl • Barry Gilmore • Cathryn Hartt • Barry Gremillion • Jim Everhart • Jan Cobler • Howard Finch • Jim Antonio • Conrad Bachmann • Nick Borgani • Harry Carter (II) • George DeNormand • Nick Dimitri • Kathryn Janssen • Freda Jones • Paul King (XIV) • Leoda Richards • Hank Robinson (I) • Eddie Smith • Norman Stevans • Robert Strong (I) • Bob Templeton • De De Young … Minimer … Vis alle