Galápagos

Serie
2006–2006
4/5

Galápagos er ein dokumentarserie frå BBC i ånd av Planet Earth, og leverer i løpet av tre episodar visuelt fengjande foto, historia til øygruppa som me kjenner den og ei innføring i dyre- og plantelivet.

Då Galápagos ligg eit godt stykke utanfor vestkysten til Sør-Amerika og har vanskeleg tilgjengeleg landskap har naturen der vore relativt godt verna fram til moderne tid. Livet der har følgt si eigen utvikling og byr på artar som ikkje finst maken til andre stader i verda. Vulkanar har skapt øyene og driv enda på, sakte rører dei seg austover og søkk ned igjen under havoverflata. I tal eksisterer det 13 store øyer, seks mindre øyer og 107 småberg.

Som om det var nokon tvil, serien Galápagos har ein rik natur å ta for seg, sikkert nok til å fylle langt meir enn dei tre timeslange episodane som utgjere denne miniserien, men eg håpar det mest interessante har blitt dekka.

Charles Darwin blir og nemnt, som visstnok skal ha blitt inspirert til arbeide og boka The Origins of Species etter eit kort besøk. Verdsunike havøgler, gigantskilpadder, Galápagos er fascinerande.

Heile sanninga om øyene får du ved å sjå dokumentarserien, berre brøkdeler har blitt gjengitt her.

Galápagos 2006-2006 plakat - Filmdagbok