Game Night

2018 / Film
12. januar 2019
3/5

To unge vaksne i rett alder til å få barn, hamnar opp i all slags alvor og bråk då ein spelekveld skeiar ut. I tilknytning til at mannens bror kjem heim igjen, vil broren arrangere ein spelekveld med paret og deira venner. For å gjere kvelden minneverdig, hyrar han inn eit firma som skal setje i stand ei realistisk kidnapping, som deltakarane skal løyse opp.

For å ikkje avsløre meir av filmen, får det bli med ein smakebit på handlinga. Game Night overraska positivt, og er ikkje langt unna ei anbefaling frå meg. Blandinga av action, komedie, krim og mysterium er blanda saman på ein god måte, og resultatet er underhaldande. Filmen flyt i godt tempo og lid verken av dødpunkt eller altfor dryge toppar, sjølv om det er ein dryg film.

Grunnen til at eg blei overraska over at dette var bra, er det fleire av. Eg forbind nok filmen, urettferdig og utan grunn, med den uimponerande Date Night. I sitt uttrykk utad, gjennom filmplakat og handlingsreferat, verkar det som ein generisk og typisk film.

For å avslutte på ein positiv måte, vil eg trekke fram Jason Bateman og Rachel McAdams som eit godt radarpar. Bateman er stabilt god i det meste han spelar i, òg dårlege filmar. Og McAdams er ein skodespelar av høgt kaliber som spelar godt i lag med Bateman. Dei leverer så godt som det må til i Game Night.

Game Night 2018 plakat - Filmdagbok

Annonse