Game of Thrones (2011–2019)

Serie / 22. mai 2019
4/5

Game of Thrones er unekteleg ein god serie. Ikkje min favoritt, men ein serie eg likevel held fram med gledeleg. Dette fordi serien er godt laga. Det meste ser bra ut, folka som er med er flinke, og historiene er varierte, mange, og heng saman på godt vis.

I løpet av åra har serien hatt sine opp- og nedturar. I blant har episodane komme for sjeldan og sluttar for tidleg til å vere nok, fordi historiene er gripande og eg vil ha meir. Andre gonger går serien sin vante gang utan å gi nok til å bli minneverdig. Sjølv om det nok er i ei samanlikning med serien på sitt beste at misnøya oppstår.

Game of Thrones handlar kort sagt om eii fantasiverd, der den langsiktige samlande tråden er alle sine kampar for å herske over eit stort kongedøme. Og korleis ein kommande trussel frå nord i form av ein kald vinter med ukjent innhald pregar verda. Verda me følger karakterane våre i er framstilt som akkurat passe stor nok til at avstanden mellom dei fortalte historiene er eit hinder, men passe liten til at du godtek at flytting skjer mellom stadane og konfliktane og truslane i verda er reelle.

Rollelista er lang, og historiene er mange. Strengt tatt går serien seint framover, men det som skjer er viktigare enn målet. Ein god serie er underhaldning heile vegen. I slike samanhengar blir ein god slutt mest som ein bonus.

Gjennom dei åtte sesongane serien varer har eg følgt med både frå veke til veke, og med små sesongmaraton. Totalt sett meiner eg serien burde ha gitt seg før, eller i det minste hatt tilsvarande fokus på detaljane fram mot slutten, som i dei tidlege sesongane. Eg har ingen sterke meiningar om sjølve slutten.

Game of Thrones 2011-2019 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skaparar

David Benioff, D.B. Weiss

Skodespelarar

Peter Dinklage, Lena Headey, Emilia Clarke, Kit Harington, Sophie Turner, Maisie Williams, Nikolaj Coster-Waldau, Iain Glen, John Bradley (XXIV), Alfie Allen

Sjangrar

Drama, Eventyr, Fantasi

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Game of Thrones

Forfattar