Gandhi

Film · 1982 · · 19. desember 2006
3/5

Før filmen: Etter å nyleg ha levert inn siste eksamen på formiddagen var det lite som kunne øydelegga humøret, og eg bestemte meg for at det var eit perfekt tidspunkt å sjå Gandhi på. Ein så lang film kan ta motet frå mange, inkludert meg. Og når saka har det seg at eg mislikar Ben Kingsley av ein eller annan grunn som eg ikkje heilt veit, så bør det vere eit godt utgangspunkt. Kvifor eg i heile tatt ser filmen spør du? Vel, han skal visstnok vere god.

Første halvdel: Kjensla av at ikkje alle heilt passar inn i filmen snik seg rundt beina mine, og eg må slenge på eit par ekstra tjukke sokkar før han byrjar å gå seg varm. Historisk sett er det vel lite å utsette på Gandhi, men dialogføringa blir hakkete og høgtideleg, trass i forsøket på å framstille Gandhi som ein jordnær person. Berre ei scene kjem verkeleg innpå meg, og ho er ikkje Gandhi med i sjølv. Noko er det som gjer at eg ikkje blir lei, og det er for å finne ut meir av kva denne viktige historiske personen gjorde med livet sitt.

Pause: Ein pause høyrer med til ein så lang film, og når pausen dukkar opp på skjermen etter ein og ein halv time var det noko inni meg som sa at det var på tide å stikke på butikken og kjøpe øl og ein pizza. Slutten på den lange edruskapelege eksamensperioden fortener jo absolutt å bli feira.

Andre halvdel: Fasting, fleire visdomsord og filmen følger i same spor som første halvdel. Sidan historia allereie er skrive, så byr ikkje filmen på dei største overraskingane, men sig sakte i det langsame tempoet sitt. Det eg saknar mest er ting som kan utløysa litt kjensler. Det er altså mangel på sentimentalitet som trekk filmen litt ned. No skal eg sei at eg også er glad for at filmen ikkje byr på for mykje sentimentalitet som ofte kan skje i andre biografiar. Så mindre er for så vidt akseptabelt.

Etter filmen: Så var tida inne for å følge opp med å bruke vareinnkjøpa gjort under pausen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Gandhi 1982 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Ben KingsleyRohini HattangadiRoshan SethVis alle

Sjangrar