Garage

Film · 2007 · · 2. mars 2008
3/5

Josie er ansvarleg for drifta av ein lite besøkt bensinstasjon på den irske landsbygda. Innerst inne veit Josie at det er minimalt å styre med, men han får meir utbytte av å late som han alltid styrer med noko viktig. Han har tydeleg brukt mange år åleine og verkar både rar og komisk på andre for veremåten sin.

Garage speglar Josie og er ein både rar og komisk film, men også trist inn til beinet. Han byr sjeldan på mykje latter, men er heldigvis ikkje deprimerande. Sjølv om han i blant byr på gullkanta filmaugeblikk er det litt for langsamt, og det er liksom ikkje noko viktig som blir fortalt her.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Garage 2007 plakat - Filmdagbok