Garbage Warrior

Film · 2007 · · 22. august 2009
4/5

Garbage Warrior er historia om Michael Reynolds, ein arkitekt som har via livet sitt til å konstruere hus av blant anna søppel og jord. Hus som er sjølvforsynt med vatn og straum.

Dokumentaren tar mest side med den fargerike karakteren Michael Reynolds når han møter motstand i systemet. Ein eksentrisk, men samla person trass i veldig alternative idear.

Introduksjonen til filmen var prega av svada og faktafeil, men han opna seg verkeleg opp etter kvart, og gjekk forbi å bli ei einspora trøytte. Sett forbi det moderne dokumentarfilmspråket har Garbage Warriors mykje godt å fortelja, og han klarer å fylle lengda.

Garbage Warrior 2007 plakat - Filmdagbok