Garden State

Film · 2004 · · 12. juli 2005
4/5

Det eg trur heile denne filmen eigentleg handlar om, er å vise kjensler. Om kva kjensler du syner under dødsfall, gjennom kjærleik og ved avskjed.

Men likevel om dette kanskje er eit tema i filmen, så klarar ikkje filmen i seg sjølv å få fram nok kjensler. Eg følte lite når eg såg han. Filmen var god på ein måte eg ikkje heilt kan forklare, men ikkje best.

Sam (Natalie Portman) som rollefigur var spesiell. Ei jente som av og til ikkje klarar å late vere og lyge, og ho lid av epilepsi. Andrew Largeman (Zach Braff) utvikla seg merkbart mykje som person i løpet av filmen, ei utvikling som var interessant å følge. Men som eg elles ikkje skjønte så mykje av.

Uansett, eg trur det er litt på grunn av dei spesielle personane i filmen, som heller ikkje er altfor spesielle, at denne i det heile er ein film verdt å sjå.

God film med godt lydspor.

Første gong eg såg filmen hadde eg ingen kjennskap til Zach Braff, som spelar ein viktig karakter i serien Scrubs. Så for meg, den gongen, var han ein heilt ny og kul skodespelar. Og eg fall fullstendig for filmen, som har gjort sitt til at eg i ettertid har hatt veldig lyst til å sjå han igjen.

Så no, etter å ha vore hekta på Scrubs ein periode, såg eg filmen igjen. Filmen leverer framleis gode varer. Zach Braff er blitt ein skodespelar eg kjem til å følge karrieren til vidare. Han klarar å skape så stor avstand til rolla han gjer i Scrubs at eg ikkje har noko problem med å tru på karakteren hans.

Filmen er litt langsam og krev tolmod for å sjå. Sjølv kan eg like dette, om det ikkje blir for langsamt og går over til å bli kjedeleg. Men eg følte verken det gjekk den vegen eller over til å bli ein billeg romantisk komedie.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Garden State 2004 plakat - Filmdagbok