Gavin & Stacey

Serie · 2007 · · 4. oktober 2014
3/5

Gavin & Stacey er ein britisk komiserie frå BBC. Serien gjekk over tre sesongar mellom 2007 og 2010. Han handlar om ein ung mann frå Essex (nær London) som møter ei ung kvinne frå Barri (nær Cardiff), etter at dei ha stifta kjennskap på telefon over seks månader.

Dei blir forelska ved første møte, men avstanden er eit problem. Begge har familie og bestevenner på kvar sin stad.

Serien utforskar problematikken, og følger livet til Gavin (Mathew Horne) og Stacey (Joanna Page) mens dei blir betre kjent og utviklar eit seriøst forhold.

Med tanke på sjanger så ligg dette mellom familiekomedie og drama. Humoren er ofte på kanten til noko dristigare, men går aldri for å provosere eller skyve grenser. Evna til serien til å sleppe unna med ukule innslag og ein tilnærma overdriven ærlegdom mellom karakterane, er nesten imponerande. Det blir ein del av kjenneteiknet til serien og set sitt humoristiske preg.

Eg vil ikkje gå så langt som å kalle serien fantastisk, og eg er litt tilbakehalden på å anbefale. Serien er fin, har lun humor og god stemning, men stikk verken djupt nok med dramaet, eller leverer den beste komedien. Dessutan er karakterane lette å like, og serien har sin eigen vri på ting, så eg har ingen problem med å sjå tre korte sesongar.

IMDb-logo
Gavin & Stacey 2007 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Mathew HorneJoanna PageAlison SteadmanVis alle

Sjangrar