Gedo senki

Gedo senki er ein av Studio Ghibli sine nyare filmar. Med dragar, trollmenn, sverd og kongar verka dette meir vestleg enn noko anna Studio Ghibli eg har sett. Men fantasi har vel ingen direkte plasstilhenging.

Kampen mellom lys og mørke, det gode og vonde er sentralt her. Me blir introdusert for ei verd som er på veg til å gå under fordi menneske har øydelagt balansen i naturen med kunnskapar som kan overstyre ting som ver og vind.

Problemet til Gedo senki er at han så altfor tydeleg har så mykje han vil fortelja, men ikkje får plass til. Når berre dei viktigaste trekka får sin fortente plass blir det lita djupn. Mykje blir tatt for gitt. Eg kjem ikkje utanom det å tenke på Eragon såleis. Eragon på si side må vere ein bleik kopi av dei originale Earthsea-bøkene. Nok om det.

Det eg sakna mest var eit synleg japansk preg ved filmen som har vore til stades i dei andre Studio Ghibli-filmane eg har sett. Dei sprø japanske, myteskapningane, eit japansk miljø. Her er det berre ei tom, enkel historie. Overveldande lydspor, gode, men ikkje alltid like passande når sjølve bilda ikkje gjer inntrykk. Og kjempefin animasjon.

Gedo senki 2006 plakat - Filmdagbok