Generation Iron

Generation Iron er som ein oppdatert versjon av Pumping Iron, med oppkøyringa til dei mest kjente kroppsbyggararane i vår tid, opp mot Mr. Olympia i 2013.

Lik Arnold Schwarzenegger og fleire blei følgde i forkant av 1975-konkurransen i Pumping Iron, er Phil Heath og Kai Greene og nokon til dei sentrale personane her.

Førstepremien har gått frå 1000 til 650 000 amerikanske dollar i løpet av dei siste 40 årene, musklane har blitt større, og konkurransen hardare.

Generation Iron består i stor grad av intervju med utøvarane, om deira trening, privatliv og forhold til sporten. Me følger dei alle over ein lengre periode. Kor langt dei kjem i forkant av, eller i sjølve konkurransen, tilfører filmen kvalifiserande rundar lik dei i konkurransen, og får filmen til å reflektere over innhaldet på ein spennande måte.

Dette er ekstremt, og det har sin underhaldningsverdi. For meg blir det ikkje den nye innsikta i den grad Pumping Iron var i miljøet, men eg synst Generation Iron er god og tilfører eit utvida innsyn i psyke og motivasjon. Rytmen til filmen dveler også mykje på desse alvorlege og stille stundene som skal gi personane djupne.

Generation Iron 2013 plakat - Filmdagbok