Genova

To døtrer mistar si mor i ei bilulykke dei sjølv er med i, og blir verande igjen med den attlevande faren. Tida etter tapet er tung, og blir takla på ulike måtar av faren, tenåringsdottera og dottera på rundt 10 år.

Som eit slags forsøk på å flukte frå noko av sorga, utan å nødvendigvis ta bort moglegheita til å sørge, bestemmer faren seg for at dei skal flytte til Genova i Italia for ein periode.

Filmen Genova blir ei oppleving av nytt land i lys av sorg, og kva handlingar sorga og eit mogleg sinne kan føre til. Korleis kommunikasjon, mangel på kommunikasjon og forholdet til kvarandre blant familiemedlemer utviklar seg utan mora til stades. Ei mor som tydelegvis har vore limet i familien, og eit viktig forbilde for døtrene.

Det er ein fin film, men for meg treff han ikkje heilt på dei emosjonelle strengane. Og heller ikkje på handlinga eller uttrykket, som skal til for å løfte han til å bli spesiell eller minneverdig. Eg er generelt fan av filmar med utgangspunkt i å dra og leve i eit anna land, så filmen blir ikkje bortkasta for meg å sjå. Skodespelarane gjer dessutan ein jobb. Filmen er nok berre detaljar unna å vere betre.

Genova 2008 plakat - Filmdagbok