Get a Job

Get a Job handlar om nokon unge menneske som søker jobb, eller deira forhold til jobb. Og faren til den eine, som mistar sin jobb i godt vaksen alder.

Det eg likar med filmen er nettopp korleis han tar for seg eit seriøst tema, og får fram verdien av å ha ein jobb, og helst ein interessant jobb. Filmen opnar med å kritisere putene som er sydd under armane på generasjonen som hovudpersonen høyrer til. Dei har fått mykje, og måtte jobbe for mindre. Dette poenget fell litt bort, men blir tatt opp igjen i ei god scene seinare i filmen, kor ein av personane i filmen gjer eit opprør mot påskjøning av taparar.

Det som trekk ned er korleis personane handlar undervegs. Den overordna tanken og forståinga som kjem om å ha ein jobb, heng ikkje saman med dei mange destruktive metodane og øydeleggande verdisynet som blir formidla. Filmen manglar ein samanhengande logikk, som hindrar han i å bli truverdig, og dermed i å bli viktig.

Komedien er god. Det er mange av forsøka på å vere morosam som er ulogiske og destruktive, men det er også mange lyspunkt av komedie. Bare ikkje mange nok til å heve Get a Job til eit minneverdig nivå.

Dette er ein film som lett kan sjåast om du vil ha ein uforpliktande komedie, med eit hint av fornuftigare poeng.

Get a Job 2016 plakat - Filmdagbok