Get Low

Robert Duvall spelar ein gammal mann som har budd åleine i 40 år. Han føler at tida snart er inne for å døy, og ønsker å arrangere ei gravferd mens han framleis er i live.

Med på laget er Bill Murray. Begge gjer flotte roller i det som er ein varm og rørande film. Også ei god historie er på plass. Filmen opnar med ein brann. Denne og spørsmålet om kvifor mannen har budd åleine held det gåande.

Det er ei form for fri tanke og god moral som driv fleire av karakterane, og som resulterer i ein fin film.

Get Low 2009 plakat - Filmdagbok