Ghost Dog: The Way of the Samurai

Film · 1999 · · 8. mars 2007
4/5

I Jim Jarmusch sin Ghost Dog: The Way of the Samurai er det Forest Whitaker som briljerer i rolla som den urbane samuraien med same namn. Etter å ha blitt redda av Louie åtte år i forvegen brukar gir han no tida i livet sitt til denne lokale gamlingen som har koplingar til mafiaen.

Når eit tilsynelatande feilfritt oppdrag likevel går feil, kanskje som følge av italienarane sin tomme dagsorden, blir den stille kvardagen til Ghost broten.

Blandinga av samuraiskikkar, rap beats og musikk av RZA, urbant miljø og ein mann med beina innanfor alle desse punkta, får meg til å tenke på Samurai Chanpuru. Samurai Chanpuru er ein hip hop-inspirert samuraianime som eg likte ganske godt når eg tenker tilbake i tid.

Ghost Dog: The Way of the Samurai som film er ikkje berre tøff med sine smarte nedskytingar. Han køyrer stil og tar det med ro der det ikkje er bruk for fart. Nøye planlagte improvisasjonar i handlinga har som regel ein baktanke, som når ei politidame blir skote ned og unnskyldninga blir at det er likestillinga sin feil.

Med alt dette skrytet om filmen er det vel ingen tvil om at eg likte han godt. Ikkje alle samuraiordtaka gav meining for meg, men skapte utvilsamt ei god stemning rundt filmen. Om han er i overkant med sine to timar i lengde så gled deg over at det er to gode timar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Ghost Dog: The Way of the Samurai 1999 plakat - Filmdagbok