Ghost in the Shell Arise: Border 1 - Ghost Pain

Film · 2013 · · 19. september 2015
3/5

Ghost in the Shell Arise: Border 1 - Ghost Pain er ein hybrid mellom ein episode og ein film, og har ei handling som går føre seg i forkant av enten serien eller filmane til Ghost in the Shell. Mitt forarbeid var elendig, og mitt engasjement under filmen var dårleg.

Eg kjeda meg litt ei stund, men lét filmen stå på i bakgrunnen. Og trass i mi avgrensa merksemd, dårleg kjennskap til karakterane og historia, så sat eg etter kvart og følgde godt med. Dette overbeviste meg om at det var utgangspunktet mitt som var dårleg, og at filmen ikkje er så dum. Men det blir ikkje til at eg ser fleire av Ghost in the Shell Arise-filmane. Eg fekk inntrykk av at dette er mest for fans.

IMDb-logo
Ghost in the Shell Arise: Border 1 - Ghost Pain 2013 plakat - Filmdagbok