Ghost World (2001)

Film / 11. juni 2006
5/5

Mens eg ventar på framkomsten av den grafiske romanen til Daniel Clowes i postkassen, tenkte eg å friske opp igjen minnet med å sjå filmen for andre gong, der sist gang var for lenge siden.

Historia omhandlar Enid (Thora Birch) og Rebecca (Scarlett Johansson), vel eigentleg mest Enid, som nettopp er ferdige på high school. Ein dag dei heng ut på en kafe med 1950-talstema, som en av mange kaféar i området, finn dei noko som kan tilsvare en kontaktannonse som dei bestemmer seg for å svare på tull. Dei avtalar en falsk date med mannen bak annonsa, men etter å ha observert ein patetisk middelaldrande fyr, får dei litt dårleg samvit. Dei, eller mest Enid, går inn for å oppsøke fyren og finne ut kva han driv med, og ender opp med å bli kjent med han.

Ghost World er av den type film som eg absolutt elska. Alt er så detaljert, gjennomtenkt, og dialogen er både intelligent og morosam og fylt med ulike referansar. Historia om The Coon Chicken Inn er for eksempel en ekte historie.

For den interesserte kan det vere verdt å nemna at Art School Confidential har komme som film, og sikkert nok er på veg til landet snart. Håper eg.

Ghost World 2001 plakat - Filmdagbok

Regi

Terry Zwigoff

Manus

Daniel Clowes, Terry Zwigoff

Skodespelarar

Thora Birch, Scarlett Johansson, Steve Buscemi, Brad Renfro, Illeana Douglas, Bob Balaban, Stacey Travis, Charles C. Stevenson Jr., Dave Sheridan, Tom McGowan

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA, Storbritannia, Tyskland

IMDb

IMDb-side om Ghost World

Forfattar