G.I. Blues

Film · 1960 · · 13. mars 2014
3/5

I denne humoristiske militære- og musikarkomedien spelar Elvis Presley soldaten Tulsa McLean, som er stasjonært i Tyskland rundt 1960. Filmen var den første til Elvis Presley på to år, og hans første etter hans eigen tur i militære, som tilfeldigvis var i Tyskland.

Komedien har den klassiske oppbygginga om at det er nokon menn som inngår veddemål om at ein av dei skal få tak i ei dame. Og så blir mannen forelska i dama, og veddemålet blir eit mogleg problem om dama finn ut av det. Det er enkelt, men greit i ein romantisk komedie som G.I. Blues også er.

Historia er altså ikkje den heilt store, og eg er ikkje den største fan av alle songnummera heller. Sjølv om Elvis Presley framfører meir godt enn dårleg.

Det er skodespelarane og karakterane deira som reddar filmen. Elvis Presley viser seg i stadig større grad, til fleire filmar han har spilt i, å vere ein habil skodespelar. Og med både det og stjernestatusen hans på plass er resultatet at G.I. Blues blir passe verdt å sjå.

Filmen blei ein suksess i samtida og bidrog sterkt til at karrieren til Elvis Presley som skodespelar fortsette, og at han fekk anledning til å spele meir seriøse roller i dei neste filmane sine.

IMDb-logo
Filmfront-logo
G.I. Blues 1960 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Elvis PresleyJuliet ProwseRobert IversVis alle

Sjangrar

Land