Giant

Dette er mest Elizabeth Taylor og Rock Hudson sin film, med også James Dean får sin del av den 3 timer og 20 minuttar lange kaka.

Bli med til Texas i byrjinga av den svarte gullalderen og opplev eit livslangt ekteskap og ein vegen til rikdom for ein ung mann. Det er snakk om to sider her, ekteskapet mellom karakterane til Elizabeth Taylor og Rock Hudson, og den litt ville utsidaren spela av James Dean på den andre sida.

Filmen går seg godt til i lengda, som er ei krevjande påkjenning for sofamusklane. Men så er det igjen den type film du forventar at skal vere lang, stor, påkosta, og det går seg godt til. Du blir trekt inn i handlinga og blir godt kjent med karakterane og omgivnadene.

For å ta James Dean for seg, ettersom innlegget her skulle handle mest om han, så hamnar han litt i skuggen med tanke på tida har er til stades i filmen. Ganske naturleg med tanke på hovudhistoria til filmen. Men med storarta skodespel skulle eg gjerne sett meir til han.

Har du tid så ser du denne filmen. Han er ikkje heilt oppe ved sidan av East of Eden i kor god han er, men han er hakket betre enn Rebel Without a Cause.

Giant 1956 plakat - Filmdagbok

Publisert

5. mai 2008 av

Regissør

George Stevens (I)

Manusforfattarar

Edna Ferber, Fred Guiol, Ivan Moffat

Skodespelarar

Elizabeth Taylor, Rock Hudson, James Dean, Carroll Baker, Jane Withers, Chill Wills, Mercedes McCambridge, Dennis Hopper, Sal Mineo, Rod TaylorVis alle 110 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Romantikk, Western

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Giant