Gift of the Magi

Eit relativt nygift par går på ein økonomisk smell då bilen bryt saman og dei må kjøpe ny. Dette gjer at dei må kutte ut kjøp av julegåver til kvarandre. Men trass i at dei inngår denne avtalen, så tar begge på seg ekstrajobb for å kjøpe gåve til den andre.

Dette må gå som det går. Å snike seg rundt byr på den mest opplagte forma for problem som må slå tilbake på dei.

Det beste med denne filmen er derimot ikkje det som skjer mellom dei to hovudrollene. Men det som skjer mellom deira to venner. Der er det opplagt ein kommande romanse på gang, men den kvinnelege karakteren er noko motvillig til å gi slepp på tilværet som einsleg.

Mark Webber er, iallfall sett i ettertid, kjendisalibiet i denne filmen. Dei fleste tv-filmane eg har sett hittil har hatt minst ein kjent eller halvkjent skodespelar i ei sentral rolle. Gift of the Magi som blei sendt på Hallmark er ingen unntak. Men Mark Webber spelar også den tammaste framstilte karakteren i filmen, så det betyr lite her.

Det Gift of the Magi manglar er den interessante eller gripande hovudrollen. Det filmen hentar seg inn på er at kvaliteten tvers over er sånn passe, og ikkje dårleg.

Gift of the Magi 2010 plakat - Filmdagbok