Girl Happy

I den 17. filmen til Elvis Presley må han til Fort Lauderdale for å vere anstand for dottera til sjefen. Utan at ho veit det. Og på sikt utviklar det seg sjølvsagt ein romanse mellom dei to. Framleis utan at ho veit om jobben hans. Og dette fører til komplikasjonar.

Siden dette er ein Elvis Presley-film er det musikken som er det viktige. Filmen er til for å selje musikken. Det hadde ikkje betydd stort, men når filmen verkar å vere forhasta, med eit enkelt manus og lite for seg, så skin det lettare gjennom som det einaste filmen har for seg. Og det er ikkje nok.

Dei siste Elvis Presley-filmane eg har sett har ikkje imponert. Det verka som det på eit tidspunkt var slutt på både god film og god musikk. Ikkje alle filmane leverte begge deler, men det var stort sett ein av tinga. Dei siste filmane eg har såg før denne, omtrent alle etter Girls! Girls! Girls! frå 1962, har vore midt på treet på sitt beste.

Eg lar meg underhalda av eit par artige sekvensar og poeng, så bortkasta tid er det ikkje. Men store deler av filmen er dessverre kjedeleg.

Girl Happy 1965 plakat - Filmdagbok