Girl Most Likely

Kristen Wiig er på randen av eit samanbrot i den til tider rørande, men mest vrøvlete filmen Girl Most Likely.

Det er ingenting feil med det filmen prøver å vere, eller måten han gjer det på, bortsett frå at det ikkje fungerer spesielt bra. Minus dei mest seriøse familiegreiene, som eigentleg er ganske gode.

Så eg kan gi filmen ein tommel opp for å klare å skape gode nok karakterar til at eg bryr meg om dei når det går som verst. Men resten av filmen er uengasjerande, lite spennande og ikkje spesielt morosam heller.

Det verkar som Girl Most Likely prøver mest på å bli ein vaksen komedie, med tanke på måten han er bygd opp på og karakterane han har med. Men dette har blitt gjort før, og på langt betre måtar, at eit vakse menneske har måtte flytte heim igjen i ei krise på film.

Det ligg eit eller anna på lur i karakteren til Kristen Wiig i Girl Most Likely, men som aldri får utfolde seg i nok tull, tøys eller komedie. Det er meir enn historikken til skodespelaren Kristen Wiig som ligg bak, men det blir ikkje noko av. Og resultatet er eit lite vonbrot.

Girl Most Likely 2012 plakat - Filmdagbok