Girls (2012–2017)

Serie / 17. april 2017
2/5

Girls er ein serie om nokon jenter og venninner som lev i New York. På kvart sitt vis er dei enten bortskjemte eller fullstendig irrasjonelle. Det er det spesielle ved serien, og minuset.

Dramaet og deler av humoren, karakteren og handlinga i Girls er stort sett interessant nok. Men når det kjem til seriens stemme, og vinkling av dei mange irrasjonelle handlingane, er dette en fæl serie.

Det er ikkje måten mykje blir tatt useriøst på som plager meg, men heller der kor serien prøver å vere seriøs og kjem med det som sannsynlegvis er Lena Dunhams forvridde verdiar og livssyn.

Girls er ein serie for sin tid. Det er ingenting overraskande ved at serien indirekte hyller dei dårlege sidene ved menneske. Det er stort sett narsissisme det går i.

På bakgrunn av irritasjonen som har vakse på tvers av sesongane på bakgrunn av seriens grunnlag, er min mellombels dom noko dårleg. Det betyr eigentleg berre at noko over halvparten av serien ikkje har vore så god som eg skulle ønske den var, mens resten har vore bra.

Girls 2012-2017 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skapar

Lena Dunham

Skodespelarar

Lena Dunham, Allison Williams, Jemima Kirke, Adam Driver, Zosia Mamet, Alex Karpovsky, Andrew Rannells, Ebon Moss-Bachrach, Peter Scolari, Becky Ann Baker

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Girls

Forfattar