Gloria Bell

Julianne Moore spelar Gloria Bell i filmen Gloria Bell. Ein film som fortel ein bit av livet til ei fråskilt kvinne og mor til vaksne barn, som ser ut til å leve eit heilt vanleg liv.

Eg visste ikkje på førehand at dette skulle vere ein sopass nedtona og enkel film, og blei kanskje litt skuffa over at Gloria Bell aldri tok av eller hadde ei historie om å komme seg vidare til noko nytt i livet. Hadde eg vist det så hadde eg nok i større grad akseptert dette som den enkle historia ho er. Men det er min feil.

I hovudtrekk handlar filmen om Gloria sitt forhold til familie, og gå ut på byen og møte menn. Utan å gjere eit nummer ut av det. Ein kveld på byen møter ho den hyggelege Arnold som ho innleiar eit forhold til. Men dei to klaffar ikkje heilt i lag.

Det er ikkje så mykje meir å sei enn det. Det er litt artig og filmen set i blant søkelyset på nokre utfordringar eller realitetar ved at to vaksne som har hatt eigne familiar møtes. Og korleis det kan utarte seg.

Gloria Bell 2018 plakat - Filmdagbok