Goal II: Living the Dream

Film · 2007 · · 10. juni 2007
2/5

Andre del av fotballfilmserien Goal! er ute i omløp. Etter å ha blitt positivt overraska av den første måtte eg sjå oppfølgjaren.

Det tok ikkje lang tid før eg merka at vonbrotet breia innover meg. Goal II: Living the Dream er overflatisk og uekte. Dårleg skodespel merkast og er av og til på grensa til latterleg. Der filmen skal gjere seg notert, i form av spenning når det gjeld, mislykkast han.

Kva sit du da igjen med? Ikkje mykje. Eg kjeda meg gjennom store delar av filmen, med unntak av eit par fine og sentimentale scener, som er filmen sine einaste lyspunkt. Goal II: Living the Dream sette meg i tvil om kor god den første filmen eigentleg er. Men den første filmen hadde i det minste ei historie som utvikla seg, her står ting stort sett stille.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Goal II: Living the Dream 2007 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Kuno BeckerStephen DillaneLeonor Varela (I)Vis alle

Sjangrar