Gone Baby Gone
Mykje snakk om Gone Baby Gone og Ben Affleck i perioden rundt lanseringa, som har funne vegen bak kamera og må forbli der, at han har mykje større talent for filmskaping enn skodespel. Så eg ser ingen grunn til å trakke opp desse spora så mykje meir, til sjuande og sist handlar jo det om filmen.
Casey Affleck og Michelle Monaghan er ferske privatetterforskarar, sambuarar og busette i Boston. Eit dystert, skite, ekte Boston, og ikkje berre på liksom. Når ei lita jente blir borte blir dei leigd inn av slektningane av jenta for å drive utfyllande etterforsking, og for ein gongs skyld ser ikkje politiet ut til å bry seg nemneverdig om at fleire aktørar er med i leitinga. Respekten for dei unge og glødande privatetterforskarane frå politiet er ikkje enorm, men Gone Baby Gone er ingen kamp mellom politi og privat. Det er ein alvorleg film om kidnapping, dårlege leveforhold, realiteten for enkelte. Spørsmål og dilemma følger med i det som startar som ei grei forsvinningssak, men som utviklar seg til å bli noko meir då nokon trådar allereie blir nøsta opp halvveges ut i filmen.
Oj og au og ssh var blant mine reaksjonar undervegs, eg er aldri stor på å uttrykke meg under film, og ler gjerne enkelt ved å puste ut nasen med ein smil om munnen. Gone Baby Gone klarte altså å overraske, vere skikkeleg brutal og gi meg frysingar. Enkelte av tema som blir berørt undervegs er mørke saker og det hjelp veldig at Ben Affleck har fått med mange sære ansikt ved siden av og i dei flotte hovud- og birollene. Casey Affleck har ein person for dei litt rolege filmane og blir han som utmerker seg mest her ved sidan av deler av familien til den forsvunne jenta.
Det eg lurte på i forkant var om Gone Baby Gone var verdt å sjå for meir enn å vere langfilmdebuten til Ben Affleck. Ja, må eg svare på det, sjeldan har ei byskildring vore så god, ei forsvinningssak så mørk, men likevel så levande.

Regi
Manus
Skodespel
Casey Affleck • Michelle Monaghan (I) • Morgan Freeman (I) • Ed Harris (I) • John Ashton (I) • Amy Ryan (I) • Amy Madigan (I) • Titus Welliver • Michael Kenneth Williams • Edi Gathegi • Mark Margolis (I) • Madeline O'Brien • Slaine • Trudi Goodman • Matthew Maher (I) • Jill Quigg • Sean Malone • Brian Scannell • Jay Giannone • William Lee (X) • William Marlowe (II) • Daniel DeMiller Jr. • Kenneth Butler Jr. • Stephen Curran • Michael T. Blythe • Bob J. Leary • Mike Pusateri • Paul Sullivan • John McColgam • Nicholas Donovan • Joseph Thomas-O'Brien • Jimmy LeBlanc • Mary Bounphasaysonh • Fanshen Cox • Kippy Goldfarb • Elizabeth Duff • Cathie Callanan • Cameron Henry • Bobby Curcuro (I) • Kevin Molis • Robert Wahlberg • Tom Kemp (I) • Matt Podolske • Joseph Flaherty • Carla Antonino • Peg Holzemer • Chelsea Ladd • Josh Marchette • Tom McNeeley • Paul Horn (VI) • Rena Maliszewski • Suzanne Schemm • Lonnie Farmer • Richard Snee • Dale Place • Gary Tanguay • Ted Reinstein • Celeste Oliva • Patrick Shea • Lewis D. Wheeler • Michele Proude • Tim Estiloz • Karen Scalia • John Belche (I) • Raymond Alongi • Joey Vacchio • Eamon Brooks • Vincent H. Carolan • Frank G. Sullivan • Karen Ahern • Ellen Becker-Gray • Shana Carr • Mark S. Cartier • Chemi Che-Mponda • Desiree April Connolly • Alan Dary • Elizabeth Dings • John Franchi • Frank Durant • Tom Gilligan • Mackenzie Hawe • Robert Masiello • Alex Milne • Nicholas Purcell (I) • Alan Resnic • Floyd Richardson • Eric Ryan (XI) • Steve Scarfo • Billy Silvia • John Wayland Somers … Minimer … Vis alle