Gone Girl

Gone Girl er ein solid film av typen som kan imponere sjølv om du veit mykje om han på førehand. Og ein film som kan imponere sjølv om filmen allereie halvveges rundar av ein viktig tråd, som berre har vore ei innleiing til andre halvdel.

Historie og struktur er dei største styrkane til filmen. Andre er evna til å overraske visuelt, kraftfull musikk, nydelege prestasjonar av folk eg har følgt i mange år og ikkje hadde spesielle forventningar til. Eg tenker først og fremst på Rosamund Pike.

David Fincher leverer god thriller som i stor grad minner meg om hans førre film, The Girl with the Dragon Tattoo i tone og utføring. Mørk, stilistisk, samtidig litt glatt og ryddig, men med ei dyster historie under denne overflata.

Gone Girl 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

4. januar 2015 av

Regissør

David Fincher

Manusforfattar

Gillian Flynn

Skodespelarar

Ben Affleck, Rosamund Pike, Neil Patrick Harris, Tyler Perry (I), Carrie Coon, Kim Dickens (I), Patrick Fugit, David Clennon, Lisa Banes, Missi PyleVis alle 110 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Krim, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Gone Girl