Good Morning, Vietnam

Film · 1987 · · 19. oktober 2009
3/5

US Armed Services Radio får ein ny DJ som irriterer på seg befalet, men blir elska av styrkane. Det som gjer Good Morning, Vietnam bra er DJ-en si smarte omgåing av reglar og opprør mot eit hinsides befalsapparat. Om nokon skulle passe som DJ er det Robin Williams. At filmen heller ikkje unngår det blodige alvoret i Vietnam og stiller seg kritisk til både forsvar av og angrep på militær sensur er positivt.

Likevel så er filmen kjedeleg, masete, han blir for prega av det store bilde framfor små genialitetar, og er difor også føreseieleg på ein mindre god måte.

IMDb-logo
Good Morning, Vietnam 1987 plakat - Filmdagbok