Good Neighbor Sam

Jack Lemmon er den gode naboen Sam i denne amerikanske komedien frå 1964. Han er ein bra fyr, har ein bra familie, og rotar seg inn i eit bra problem med jobben og sin nye nabo.

Den beste venninna til kona ligg an til å arve 15 millionar amerikanske dollar. Eit av krava er at ho er gift, elles går arven til nokon søskenbarn. Ettersom ho er midt i ei skilsmisse blir det Sam som må late som han er ektemannen hennar. Denne luringa spreiar seg til fleire område, og fører livet til Sam ut i både lykke og kaos.

Med trekkspelmusikk og ei spesiell form for humor minnar Good Neighbor Sam meg om franske komediar frå same periode. Samtidig som dette er utprega amerikansk på mange andre område, som miljøet, omstenda og personane.

At Good Neighbor Sam ikkje når heilt opp er fordi det drar ut. I blant er dette ein flott film, og ei overrasking som film. Eg forventa noko eg hadde sett før, men fekk ei blanding som for meg var passe ny.

Good Neighbor Sam 1964 plakat - Filmdagbok