Good Will Hunting

Film · 1997 · · 31. mai 2008
4/5

Eit gjensyn denne kvelden med ein av dei verkeleg gode filmane frå slutten av 1990-talet.

Frå manus av Ben Affleck og Matt Damon har Gus Van Sant kokt i hop eit knakande godt drama der Matt Damon og Robin Williams briljerer i dei to viktigaste rollene. Han første som geni og andremann som psykolog. Kombinasjonen av Danny Elfman og Elliott Smith på lydsporet gjer dessutan opplevinga hakket sterkare.

Will Hunting (Matt Damon) er vaktmeistar på MIT universitetet i Boston og driv elles dank med vennene sine, spelt av brødreparet Ben Affleck og Casey Affleck. Ein av desse dagane då dei køyrer rundt i sør-delane av byen, også kjent som områda der arbeidarklassen held til, treff dei på gammalt kjennskap. Lang historie kort, Will endar opp i fengsel. Men geni som han er har han før dette løyst eit matematisk problem på tavla i gangen ved MIT der han vaskar golvet om kveldane, professoren som var ansvarleg for det matematiske problemet reddar Will frå fengselsstraff i byte mot at han møter på universitetet ein gong i veka og går til psykolog.

Greia her er, som bråket har etablert, at Will ikkje er ein lett person å ha med å gjere. Møta med psykologen, spelt av Robin Williams, er blant dei beste sidene til filmen, men dei kunne ikkje blitt det forutan alle dei mange forteljingane og skildringane rundt miljøet Will ferdast i, og oppførselen hans rundt andre menneske. Dette er med på å skape grunnlag til det som skal avdekkast i større grad på psykologens kontor. Utan å bli til ei lang tidtrøyte klarar Gus Van Sant å gjere den heller kvardagslege tonen i manuset til ein film der ting går sin gang med mindre, men nok driv til å gi han framdrifta som er nødvendig.

Eit par småting kan verke forhasta samanlikna med andre. Geniet Will Hunting kan verke mindre truverdig for enkelte, eg stussa på det i fem minuttar sjølv, som var grunnen til at eg nemnde det no. Eg har likevel ingen problem med å komme forbi desse småtinga, for det som er greia er at Good Will Hunting har, for meg, den perfekte blandinga av det rette miljøet, dei rette karakterane og den rette historia.

Finding Forrester som var den andre filmen til Gus Van Sant etter Good Will Hunting har mykje dei same grunnprinsippa som denne og er også ein god film, men her går eg regelrett inn i filmen når eg ser han, og tenker ikkje over at Will er Matt Damon, eller at psykologen er Robin Williams. Å bli trekt inn i så stor grad som her er det berre dei beste filmane som får til.

IMDb-logo
Good Will Hunting 1997 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land