Goodfellas

Film · 1990 · · 17. mars 2007
4/5

Det er mykje å sei om Goodfellas, og mykje har blitt sagt av andre. Det eg likte med filmen er korleis han byggjer opp to verkelegheiter.

Du ser og høyrer om alle andre som har det gøy, brukar pengar med glede og nyt makta dei har. Du høyrer karakteren til Ray Liotta som skildrar gleda i livet dei levde.

På same tid presenterer filmen scener frå dette livet som viser baksida av medaljen. Mange gangsterfilmar er som dette. Dei viser den sjarmerande kulturen med folk som feirar si eiga viktige rolle, kultur basert på respekt, tradisjon og hierarki. Men det har eit kriminelt grunnlag, og handlar om folk som tar seg til rette i livet til andre, og det fell derfor saman.

Dette leikar filmen seg rundt med, og viser begge sider av medaljen frå byrjinga av. Men etter kvart som historia går framover, opplever me gradvis å sjå mindre til den positive sida, og meir til den negative. Sjølv om den positive aldri forsvinn heilt.

IMDb-logo
Goodfellas 1990 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Robert De NiroRay LiottaJoe PesciVis alle

Sjangrar

Land