Gossip Girl (2007–2012)

Serie / 21. juni 2019
3/5

Visse forventningar var knytta til Gossip Girl når han kom. Det var den nye serien til Josh Schwartz, som hadde stått bak serien med en av dei beste første sesongane eg har sett, The O.C.

Gossip Girl er basert på en bokserie om intrigar blant rike ungdommar i New York. Serien er en såkalla tenåringssåpe og tar på mange måtar drama likt det i The O.C. til et nytt miljø. Her er det mindre komedie og meir alvor. Det hindrar ikkje serien i fra å vere morosam, eller lett og ledig, for det er han i blant.

Eg håpet at Schwartz hadde lært av feila han gjorde med The O.C. Dette var en av grunnane til at eg gav Gossip Girl sjansen. Eg forventa godt tenåringsdrama, og ei stund leverte serien det i massevis. Karakterane er gode og enkle å plassere, i tillegg til at dei har nok komplekse sider som gjer dei interessante utover innleiinga. Samtidig spelar miljøet en så stor rolle at eg forventa dette ikkje vil dø ut i starten av andre sesong.

Gossip Girl fikk likevel eit problem allereie i andre sesong, og det var at første sesong var for god. Akkurat som i The O.C. så skjedde rett og slett for mykje. For at tenåringssåpe og -drama skal vere bra må det skje ting, ting er som regel forhold. Lykkelege forhold er kjedeleg, derfor må folk slå opp. Interne romansar blir fort tynne, eksterne blir sjeldan så gode.

Eg mistet altså litt taket på Gossip Girl etter dette. Sjølv om en og anna periode gav meg den nødvendige dytten vidare. Det er likevel ikkje til å skyve under en stol at en stadig større årsak til at eg så vidare og fullførte serien, var et slags pliktløp for å bli ferdig. Det betyr i stor grad at serien leverte midt på treet etter kvart og at eg kunne ha brukt tiden min betre.

Gossip Girl 2007-2012 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

The CW

Skaparar

Stephanie Savage, Josh Schwartz

Skodespelarar

Blake Lively, Leighton Meester, Penn Badgley, Chace Crawford, Ed Westwick, Kelly Rutherford, Matthew Settle, Taylor Momsen, Jessica Szohr, Zuzanna Szadkowski

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Gossip Girl

Forfattar