Grace Is Gone

I ein familie med to døtrer, viss far er åleine heime i USA, mens mora er soldat i Midtausten, opplever den store tragedien. Mora blir drepe i teneste, og når faren får beskjed veit han ikkje korleis han skal fortelja døtrene om det.

Grace Is Gone handlar i det store og heile om korleis han drar det ut ved å legge ut på ein lengre biltur til ein fornøyelsespark. Det er eit innblikk i den skarpe persepsjonen til barn, og den vanskelege situasjonen med å slite med å innsjå at noko tragisk har hendt, og samtidig skulle fortelja det vidare.

John Cusack spelar mannen som i denne tilsynelatande mindre påkosta filmen gjer ei god rolle som ein oppgitt far. Delvis er han i overkant rar, på andre område er situasjonen slik at eg forstår oppførselen hans.

Ettersom denne filmen så vidt er over 75 minuttar lang, så fungerer det stort sett heile vegen. På ein forventingsfull måte er det me følger tre familiemedlemmer mot sanninga som må bli fortalt. Og det er i grunn lite meir som skjer, som var poenget mitt med at lengda på filmen er passe.

Det er ikkje spesielt trist, sett bort frå eit par scener. Desse er attpåtil ekstra rørande.

Grace Is Gone er ein god film, men ingen klassikar. Han gjer nytten sin, men eg merkar at når eg no i ettertid skriver ned tankane mine om filmen, at det også er ein film som nok vil bli gløymt.

Grace Is Gone 2007 plakat - Filmdagbok