Gran Torino

Film · 2008 · · 2. januar 2009
4/5

Clint Eastwood vippar opp pistolen og ei streng maske i denne filmen frå 2008 som han sjølv har regissert.

Historia til filmen har sitt utspring i at ein ungdom og nabo prøver å stela bilen til Walt, karakteren spelt av Clint Eastwood. Dette er ein 1972 Gran Torino i god stand, for Walt er ein old school fyr som tar vare på eigedommane sine.

Walt tar på seg oppgåva med å reformere ungdommen, og blir med dette dratt inn i liva og problema til familien til ungdommen. Med i dette følger eit anstrengt forhold til ein gjeng. Etter kvart som filmen går sin gang får me større og større innsikt i ein karakter som er langt meir enn ein gammal mann. Walt er ein tøffing av typen me har sett Clint Eastwood spele så mange gonger før, og det er ein fryd å sjå dette utfalde seg. Spesielt sidan det i så stor grad handlar om å verna om sin eigedom.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Gran Torino 2008 plakat - Filmdagbok