Grand Theft Auto: Vice City

Spel · 2002 · · 17. juli 2013
4/5

Grand Theft Auto: Vice City var eine og åleine grunnen til at eg kjøpte meg Playstation 2 i 2002. Og det enda opp med å bli det einaste spelet eg spelte på konsollen, før eg seinare selde han igjen.

Spelet er eit ope sandkassespel kor du køyrer rundt med bilar du har stole eller fått, tar nokon oppdrag og skyter rundt. Det som fenga meg med Grand Theft Auto: Vice City var at tidsperioden i spelet er 1980-talet, med all musikken og kleda frå tiåret, og filmreferansar til filmar som blei spelt inn då. Mykje av spelet har henta sin inspirasjon frå Scarface.

Dei mange radiokanalane med hits og perler i alle sjangrar frå 1980-talet sette eit stort preg på dette. Og er eit eg hugsar mange år seinare. Dette var nok ein døropnar vidare inn til mi interesse for denne perioden.

Eg spelte aldri Grand Theft Auto 3, men runda Grand Theft Auto 2 fleire gonger. Så dette var også mitt første møte med dei tredimensjonale Grand Theft Auto-spela.

Grand Theft Auto: Vice City 2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Ray LiottaWilliam FichtnerTom SizemoreVis alle

Sjangrar

ActionEventyrKomedieVis alle