Grandma's Boy

Film · 2006 · · 13. januar 2010
4/5

I forkant av at eg såg Grandma's Boy såg eg for meg ein tåpelege og lite artig film. Samandrag eg las fekk filmen til å framstå som ein utelukkande rølpete og overflatisk sak, men eg blei positivt overraska.

Ikkje at dette er ein djup film, men han er artig, og har gode karakterar og er ikkje berre tullete og billege poeng.

Ein vaksen mann mistar bustaden sin, og må flytte inn med bestemor og hennar to romkameratar. Dette er enklare sagt enn gjort, og byr på ein god del trøbbel. Samtidig må mannen ha eit forsvar når folk spør han kor han bur, fordi han er flau over situasjonen.

Livsstilen og omgangskrinsen hans gjer at han må lure og trikse for å få gamlingar ut av bilde når han har folk på besøk. Dette er ikkje spesielt djupt, men det er godt orkestrert forviklingshumor.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Grandma's Boy 2006 plakat - Filmdagbok