Great Expectations

Film · 1946 · · 9. oktober 2009
4/5

Etter førre møte med David Lean, i form av Brief Encounter, hadde eg ikkje dei høgaste forventingane til Great Expectations. Men denne adapsjonen av romanen til Charles Dickens blei til ei betre filmoppleving. Ei nokolunde lik kjensle som dukkar opp når eg ser dei gode filmversjonane av A Christmas Carol kom til overflata her, og eg blei som arbeidsklasseguten i filmen soge inn i ei rikare verd.

Reint bortsett frå ein slutt som betyr lite er ingenting forhasta, filmen lykkast med ei oppstykka historie og mistar aldri fokus på den sentrale karakteren i utforskingane i fleire tidsrom og ulike kjennskap.

IMDb-logo
Great Expectations 1946 plakat - Filmdagbok