Greek (2007–2011)

Serie / 16. mai 2011
3/5

Utvalet av seriar om ungdom i high school-alder har generelt vore stort. Tenåringssåper har det med å starte mens hovudrollene skal vere rundt 16 år. For dei lengstlevande seriane har dei gått vidare til college. Nokon seriar vel å utvide med eit friår, slik som The O.C. Andre gjer college til ein ikkje-eksisterande del av kvardagen, slik som Smallville.

Det finst unntak, Dawson's Creek forkasta i stor grad heile småstadmiljøet og dei fleste vaksne karakterane, og samla ungdommane i Boston. Greek handlar derimot fullt og heilt om college.

Me møter søskenparet Rusty og Casey Cartwright først. Rusty som den ferske collegestudenten med lysta til å bli med i ein brorskap og Casey som den allereie søsterskapetablerte eldre søstera. Ut frå desse blir me kjent med enkelte folk i stort sett tre ulike hus, Kappa Tau Gamma, Omega Chi Delta og Zeta Beta Zeta – alle oppdikta studenterforeiningar på det oppdikta Cyprus-Rhodes University.

Greek byr på mengder med lettare drama, mykje ungdommeleg humor og fullt køyr. Det som gjorde meg vidare interessert i å følge med på dette var dei stadige feidane mellom Kappa Tau Gamma og Omega Chi Delta, framstillinga av dei fleste som karakterar framfor urealistiske stereotypar og den eine og andre godt plasserte spøken som dukkar opp undervegs.

Avstanden til den klassiske collegekomedien på film er kort. Dette er positivt då serien, i likskap med andre ungdomsseriar og dramasåper repeterer seg sjølv nok gonger på dramafronten, og treng komedien.

Det er klart ganske tidleg at Greek ikkje nødvendigvis vil nokon stad. At det er ein dramaserie av typen som kan holde på i tre til fire år, kanskje meir viss han kosta lite og sel seg sjølv godt nok. Å vite at Greek handlar om enkel moro og kvardagsdramatikk er på mange måtar nok til det.

Det har aldri vore tvil om at ambisjonsnivået til Greek har vore lågt. Ungdom, drama, festing og uskyldig moro har vore poenga serien har dreia seg rundt, og horisonten har aldri vore lengre vekke enn eit par episodar. Dette har vore sjarmen til Greek.

Men å vere enkelt kan ha sine avgrensingar, og formatet til Greek var ikkje laga for å leve evig, til det spelte intrigane mellom dei sentrale karakterane for stor rolle. Når desse hadde spelt ut si rolle var det lite nytt å hente. Over åra blei karakterane vaksne nok til å bli usårbare mot nye problem av same sort, og den fjerde og siste sesongen blei lite anna enn eit bevis på dette.

Som dei fleste seriar, spesielt ungdomsseriar, var dei første par sesongane best og fekk sagt det meste. Serien blei litt kjedeleg til slutt, men komedien gjorde det akkurat greitt nok.

Greek 2007-2011 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

ABC

Skapar

Patrick Sean Smith

Skodespelarar

Clark Duke, Scott Michael Foster, Spencer Grammer, Paul James, Jake McDorman, Amber Stevens West, Dilshad Vadsaria, Jacob Zachar, Aaron Hill, Zack Lively

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Greek

Forfattar