Green Arrow

DC Showcase er ei rekke kortfilmar som er til for å introdusere superheltane til DC. I denne er det Green Arrow som står for tur.

Green Arrow er den unge og rike Oliver Queen på dagtid, som hentar fram pil og boge og kjempar mot kriminelle på nattetid. Han har ingen spesielle krefter, men er fysisk sterk og dyktig med sitt våpen.

Funksjonen til historia er mest for å vise kven Green Arrow er og kva han kan, og er ikkje verdt å gå i djupna på. Kortfilmen oppnår det han skal, og sjølv om eg har fått noko innsikt i superhelten gjennom serien Smallville, er røtene hans som fortalt i teikneserien tydelegare her.

Green Arrow 2010 plakat - Filmdagbok